Løypeforhold og drikkestasjonar, oppdatert 24.6
Løypeforhold og merking av løype per fredag 24.6:
- Snøfritt og tørt til Skaravatnet/dagsturhytta Skaraly (mykje av stien er gruslagt)
- Møter ein liten snøflekk ved passering Skaravatnet (mykje vil smelte til laurdag!)
- Kortare snøparti på høgda mot Vardehaugane (etter passering gapahuken ved Grunnevatnet)
- Av og på snø frå Vardehaugane ca 900 moh til toppen av ura, ca 1100moh
- Siste km/100hm er det kun eitt kort snøparti, for det meste bart
- Få parti som er gjørmete og våte
- Løypemerking: Frå Stølshaugane følger løypa raud T-merking. I tillegg er det frå Kårstadskaret merka med gule stikker med raude band (tettare i utsette område) og spraymerking for beste trasé i snøpartia
Drikkestasjonane – sjå oversikt her. Desse er forbeholdt konkurranseklassen, men det er noko ekstra drikke til mosjon også. Vi kan ikkje love nok saft til alle og oppmodar mosjon til å ta med eigen drikke og fylle godt på undervegs. Det er høve til å fylle på friskt fjellvatn både i skaret, ved gapahuken og like før Vardehaugane.



